Velkommen til mi bloggside. Eg heiter Marita Husevåg Hellesen ( f. 1976) og kjem frå Sand i Suldal kommune i Rogaland. Eg er nettopp ferdig utdanna sjukepleiar ved Universitetet i Stavanger. Me var det fyrste kullet som starta opp på nettbasert sjukepleiarutdanning i 2009 og har gått eit løp over 4 år.
Av erfaring har eg arbeidd mest i forhold til personar med demenssjukdom, men har også jobba på somatisk avdeling og dagavdeling på same sjukeheim som hjelpepleiar.
I denne bloggen vil eg skrive om saker som opptek meg innan sjukepleiaryrket og kombinera dette med bilder.
Eg vil også prøve å formidla noko av det eg lærer undervegs og komme med litteraturtips som kan vera nyttig for andre studentar og helsepersonell. Kom gjerne med spørsmål og kommentarar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar